Det beste av vintersesongen borte: - Det skulle ha vore fullt her nå

Reiselivet skulle hatt sine beste veker denne tida, med vintergjester og fulle hus. I staden er permitteringar og stengte dører fasiten.

Her skulle gjester frå mange land fylt opp plassene, frå nå og til over påske. Slik vart det ikkje, konstaterer hotellsjef Line Tvete, på Venabu fjellhotell.   Foto: Lucia Perez

Nyheter

Hotella i Midtdalen har stengt ned, og tilsette er permittert. På Venabu har hotellsjef Line Tvete permittert 25 og brukar tida utan gjester til å vaske og rydde. Og til å ga skiturar. Eigentleg skulle hotellet vore fullt av gjester nå i vekene før påske.