For nokre veker sidan jobba dei i barnehagen - no står dei vakt utanfor legesenteret

Kommunen omdisponerar ressursar for å hjelpe på korona-situasjonen ved legesenteret.

Lars Erik Friberg og Hanne Grete Bækken Blakar har bytta ut ungar med folk som treng hjelp på legevakta. Dei skal sila ut dei som har ein risiko for å vere smitta av koronaviruset. 

Nyheter

Hanne Grete Bækken Blakar og Lars Erik Friberg står i den kalde vinden utanfor legesenteret og stoppar dei som skal ta turen inn. Dei jobbar eigentleg i Ruste barnehage, men har fått nye arbeidsoppgåver i korona-krisa.