Hyttebrukarar på Kvamsfjellet ventar på opprydding etter VA-utbygginga: - Når får vi att parkeringa vår?

Hyttebrukarane i Fryosen har mangla parkeringa si, og frå den, tilgang til stiane mot hyttefeltet, i to somrar. Bakgrunnen er bygginga av vassverk på Kvamsfjellet.

Tilgangen til stien ut frå den gamle parkeringa er blokkert av anleggsområdet. Stien som er anlagt rundt til erstatning er ikkje lett å forsere når ein skal ha med vatn, ved og proviant til hytta. - Vi lurar på når det skal ryddast opp, seier hyttebrukarane i området, her Aud Mathisen og Svein Brendstuen  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Nå lurar dei på kor lenge det blir slik, og om det blir rydda opp att i råka som har vore lagt på dugnad gjennom generasjonar.