Har laga musikken til "Munchs Peer Gynt"; presentasjon på Gålå sundag:

Øystein Skar om Ibsen og Munch: - Det er to karar eg gjerne ville ha møtt

Munchs Peer Gynt får premiere neste år, men sundag skal publikum få ein sniktitt på den kunstnariske prosessen på Gålå. Vi har snakka med mannen bak musikken, som gjerne hadde sett seg i ein tidsmaskin for å møte både forfattaren og målaren.

Øystein Skar har jobba med musikk til ei framsyning om møtet mellom Peer Gynt og Edvard Munch. Her framfor Martin Whatsons PeerGynt-inspirerte veggkunst.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Øystein Skar har alltid likt bileta til Edvard Munch. Han er ein av kunstnarane som skal tolke Peer Gynt og Munch i framsyninga neste år. Han trur kunstnaren var ein mykje artigare type enn det vi gjerne tenkjer nå, fordi vi forbitt han med dei ofte dystre bileta.