Gult farevarsel: Ventar kraftige regnbygar frå sundag ettermiddag

Det er nettstaden varsom.no som melder om styrtregn og faregrad 2, gult nivå.

Det er varsla styrtregn frå sundag ettermiddag, med svært lokale variasjonar på mengde og intensistet.  Foto: Jon Olav Nesvold

Nyheter

- Frå seint sundag ettermiddag til tidleg måndag morgon er det venta kraftige regnbygar i ditt område, heiter det i varselet.

Varselet gjeld for Oppland i tillegg til Telemark, Buskerud og Vestfold.

- Det er store lokale variasjonar i intensitet og mengde, og været kan endre seg raskt.

Varsom.no melder at konsekvensar for faregraden kan vera overvatn i tettbygde område, lokale oversvømmelser, bekke- og elveløpsendringar og jord- og flaumskred der bygene treffer. Hagl, lyn og tore, samt kraftige vindkast, kan forekoma.