Kommunestyret gjer tysdag vedtak om turiststad-status: - Vil framleis ha fri søndag

Meiningane er delte om ein turiststadstatus og moglegheita til å ha søndagsopne butikkar. Dei vi snakkar med i Vålebrua er opne for at det er greit å ha moglegheita til å ha ope, men ønskjer ikkje det sjølve. I alle fall ikkje heile året.

Stille gater etter stengetid. Søndagen vil framleis bli slik, for dei fleste butikkeigarane vi har snakka med er det uaktuelt å opne søndag.   Foto: Guro Vollen

Nyheter

Om Ringebu kommunestyre vedtek å sende søknad til Fylkesmannen om å bli definert som typisk turiststad, er det ikkje sikkert det vil endre opningstidene i landsbyen så mykje.