Gråhøgdbua flytta i dag: Over 20 tonn på veg av snø

Medrekna kjelken og bua flytta Sindre Spidsberg og dei andre frå Rondane entreprenør omtrent tjue tonn, på ein veg av komprimert snø torsdag. Natt til tysdag skal ferda gå vidare til Maihaugen.

  Foto: Emil Nyeng

Nyheter

Traseen ned frå fjellet har vore komprimert med beltevogn gjennom vinteren, og allereie tysdag vart den fyrste ekvipasja frakta fram til vegen, med naudbua. I dag var turen kome til sjølve Gråhøgdbua, som skal få nytt liv på Maihaugen.