Musikklaget får storstue: - Her blir det huskonsertar frå hausten

Store delar av Vinstra musikklag står på hovudet i målarspann og vaskebytter når vi møter dei laurdag formiddag. Sidan rett etter påske har dugnadsgjengen ordna til dei nye lokala i Nedregate.

Leiar i Vinstra musikklag, Tove M. Solli og nestleiar Per Christian Hansen, gler seg til å vise fram musikklagets nye storstue til hausten. Da blir det huskonsertar i andre etasje over Felleskjøpet.  Foto: Guro Vollen

Nyheter

Før har laget hatt lager og øving kvar for seg, og leiar Tove M. Solli fortel korleis dei har sprunge mellom øvingar og lageret for å hente instrument og anna utstyr.