Verandaen omkring hotellbygget har etter vernemyndigheitene sitt syn kome i konflikt med utsyn og siktliner til gravhaugane, som er ein av dei viktigaste premissane for kulturminnet på Hundorp. Riving skulle eigentleg skje før 1. juli.

- Lettar inntrykket

Eigar Øyvind Frich fortel om store planer for Oppland fylkes tusenårsstad, og har behov for å behalde verandaen, som ein viktig del av drifta. Frich har måla verandaen i same farge som huset, og er på tilbodssida når det gjeld ytterlegare tilpasningar.

Mellom anna med å senke det høgste hjørnet, og å få opp att syrinbeplantninga omkring bygget.

– Eg er ute etter å finne skjæringspunktet mellom næring og estetikk, seier Frich.

– Målinga lettar jo inntrykket, medgjev Ole Grimsrud frå Riksantikvaren (RA), som kunne slå fast at rivingsvedtaket 1. juli ikkje vil bli effektuert i sommar, og at dei vil sjå på søknaden på nytt.

– Når ikkje det offentlege greier å drive staden, må private få lov til å drive, og det må vera regningssvarande, seier Frich.

Les meir i Dølen torsdag.