- Vi møter så mange elevar på MOT-besøka, og det er så triveleg, for det er så mange elevar som helsar, seier Ingunn Spjotum.

- Det opplevde eg seinast i dag tidleg, to gutar som sa hallo da vi møttes i gangen. Det er to gutar eg har hatt i MOT-samanheng, legg Rita Stavnhaugen til.

- Eg har lettare for å seie hei sjølv også, sidan eg kjenner elevane og dei kjenner meg, skyt Marte Røssummoen inn.

Klassebesøk

Trekløveret, tre lærarar ved skulen, arbeider som MOT-coacher. Som einaste vidaregåande skule i Oppland, har Vinstra inngått partneravtale med MOT. Til saman har dei tre lærarane 18 prosent stilling for å arbeide med MOT i skulekvardagen.

Klassebesøk er den viktigaste måten dei arbeider på.

- Det er fire besøk i første klasse, to i andre og ett i tredje klasse. Desse besøka handlar om å bevisstgjere eleven og skape eit trygt klassemiljø, fortel Spjotum.

- Det er klare tema, leiker og historier vi skal igjennom. Men, bodskapen er den viktigaste, så viss det er ei historie som engasjerer spesielt, er det ikkje noko i vegen for at vi kan utdjupe det og ta ut noko anna, seier ho.

Noko til felles

Allereie ved skulestart om hausten får elevane møte MOT-coachane.

- I første besøket i Vg1-klassene skal elevane lage eit skjold der dei klipper ut bilete frå blad som seier noko om kven dei er, for så å presentere dette for klassen. Det kan for eksempel vera bilete av ein hest fordi dei likar å ri, forteller Rita, som legg til at dette kan ha stor betydning for nye elever som ikkje kjenner kvarandre.

- På denne måten får eleven litt meir informasjon om ein annan elev og vips kan dei oppdage at dei har noko felles, seier ho.

Færre tilfelle av mobbing

Allle tre midtdalskommunane, Nord-Fron, Sør-Fron og Ringebu er MOT-kommunar, og har opplegg dei arbeider med på ungdomsskulen.

Det er dokumentert at MOT har effekt på fleire område, mellom anna når det gjelde sjølvtillit, optimisme og mot.

- Det visar seg at dei skulene kor dei har hatt MOT-arbeid over fleire år, har færre tilfelle av mobbing og høgare trivsel blant elevene, sier Røssummoen.

Vinstra vgs har også inngått samarbeid med Hedmark, for å utdanne ungdom i MOT og skape det dei kallar for "Ung motivator". I fjor haust var elevar ved Vinstra med på todagars skolering på Elverum. Ei av oppgave for desse, er å ta i mot nye elevar som startar ved skulen.

Ungdomsskoleelever med egen revy: Scenevante juniorer Ungdommen i Skåbu er ikke mange, men de kan fylle mange roller.

Naturleg del av kvardagen

Alle tre MOT-coachane er einige om at dei trives i arbeidet, for å få elevane til å bli meir trygge på seg sjølv.

- Det er mykje arbeid, men eit veldig givande arbeid, seier Røssummoen.

- Eg likar spesielt godt å få moglegheiten til å knytte kontakt med elevar på yrkesfag, sidan eg sjølv berre underviser på studiespesialisering, seier Stavnhaugen.

Målsettinga for arbeidet, er at MOT skal bli ein naturleg del av elevane sin kvardag.