Barehagane i Ringebu kommune, det vil seie Ringebu barnehage, Fåvang barnehage og dei private familiebarnehagane får Barnehageprisen for kunst og kultur for prosjektet "Stas å synge Gåmmålt".

Dette var eit samarbeidsprosjekt med Camilla Granlien. I prosjektet tok vi for oss gamle songskatter av Kristian Åsmundstad som opphavleg er frå Ringebu, fortel verksemdsleiar for barnehagane i Ringebu, Hilde Dalberg til Dølen. (Åsmundstad var fødd og oppvaksen i Kvikne i Nord-Fron, men fløtte til Ringebu i vaksen alder, red.anm.)

Prosjektet munna ut i sommerutstillinga i Ringebu prestegard sommaren 2014.

Betyr mykje

Det er berre tre barnehagar i heile Norge som er vinnarar av årets pris, fortel Dalberg.

- Dette betyr mykje for oss i barnehagane våre, og vi er veldig stolte over å nok ein gong ha vunne prisen, avsluttar Dalberg.

Sjølve prisen og utdelinga vil finne stad på nyåret.

Bordet med fargestifter er dekka framfor utstillingslokalet i Prestegarden. Her frå sommaren 2013. Foto: Bjørn Sletten (arkiv)