Rudi gard har på ein måte levd eit langt liv, med ulike arbeidsoppgaver. Ei svært oppegåande og ei viktig bedrift for Midtdalen. Eitt kjennemerke er ei fantastisk sørvisinnstilling. Det var nokon av grunngjevingane juryen heldt fram.

- Nå vart eg skikkeleg sett ut, sa Øystein Rudi.

Han uttrykte at dei gjerne delte prisen med dei omlag førti gode hjelparane, som kan ringast til og som stiller opp.

- Ei av dei største gledene ved å drive dette er å kunne tilby unge ein god start, der dei som fjorten-femtenåringar tek til i oppvasken, til dei som tjueåringar kan ha ansvar for eit bryllup på 100 personar. Mange har ein fantastisk vekst, sa han.

Fantastisk anerkjenning

Han tykkjer også det å vera ein del av dette selskapet med tidlegare vinnarar er ærefullt.

- Ei drivkraft for oss er at dalen skal bli litt betre å bu i og besøke. Det er ei fantastisk anerkjenning å få denne prisen lokalt, meir enn om den hadde kome frå utanfrå, seier han til Dølen.

- Rudi er eit landemerke. Dei har turt å satse, men likevel bevart det unike, sa dagleg leiar i MGNF Frank Mathisen under utdelinga.

Prisen vart delt ut under eit arrangement i regi av Midt-Gudbrandsdal næringsforening på Rudi gard torsdag.

- Det var åtte svært sterke kandidatar styret hadde å velje mellom, sa Mathisen.

Les meir i papirutgåva torsdag 17. desember.