– Vi ønskjer alle velkomne til å foreslå kandidatar til Årets Peer Gynt 2023, seier kommunikasjonsansvarleg i Peer Gynt AS, Rita Støstad.

Det er nemleg ope for alle å sende inn forslag på sine favorittar til å vinne den gjeve prisen.

– I fjor fekk vi inn rekordmange forslag, og vi håpar mange sender oss sine forslag til kandidatar også i år, seier Støstad.

I fjor var det den norske landslagsutøvaren i hopp, Maren Lundby, som mottok prisen. Året før der vart Birgit Skarstein årets Peer Gynt.

Scena på Gålå har vore brukt til å arrangere Peer Gynt-prisen. I år flytter dei festen til Vinstra park. Foto: Ane Vaet
Arkivbilde fra i fjor sommer, da arbeidet med tribunene i Vinstra park kom på plass. Til høsten vil Peer Gynt-festen bli arrangert her. Foto: Tor Larsen

Ny arrangementsplass

Det var Stortingsrepresentantane som kvart år stemmer fram vinnaren av prisen.

– Sjølv om det er Stortingsrepresentantene som stemmer fram Årets Peer Gynt ved skriftleg avstemming, kan alle foreslå kandidater. Alle innkomne forslag overleverast nominasjonskomiteen. Komiteen nominerer tre kandidatar etter gitte kriteriar, som oversendes Stortinget sine representantar for avstemming, forklarar Støstad.

Nytt av året er at Vinstra Park skal brukast til å arrangere Peer Gynt-festen, der prisen skal delast ut. Dette skjer laurdag 5. august.

Forslag til kandidatar kan sendast Peer Gynt AS på e-post innan 2023.

Stortingsrepresentant Rune Støstad (leiar), tidlegarere Årets Peer Gynt-prisvinnarar Knut Vollebæk, Hanne Krogh og Birgit Skarstein, ordførar i Nord-Fron kommune, Anne Marie Olstad, og skodespelar Martine Hattestad Kveli sit i nominasjonskomiteen.