Som eit ledd i bulyst- og landsbyutviklingsprosjektet til Ringebu kommune lanserer nå prosjektleiar Birgitte Bay og ordførar Erik Odlo ideen om eit nettverk av såkalla Bed and breakfast-stader i landsbyen.

– Dette kan vera vårt svar på hotell, seier Birgitte Bay til Dølen.

Få overnattingsmoglegheiter i sentrum

Etter nedlegginga av Ringebu hotell har ikkje landsbyen noko store overnattingsmoglegheiter i sentrum. Det er eitt av punkta ein håper å få gjort noko med i det pågåande arbeidet med utviklinga av landsbyen Ringebu.

– Sjølv om vi har gode hotell på fjellet, ser vi at vi treng andre, meir sentrumsnære tilbod også, seier Bay.

Ordførar Erik Odlo meiner drømmen om eit sentrumshotell må skrinleggast.

– Dette er vel ei erkjenning av at det å få bygd eit hotell i sentrum ikkje er realistisk. Da kom ideen om eit nettverk av Bed and Breakfast-tilbydarar opp, og det meiner vi er ein veldig god idé, seier Odlo.

Fleire interessentar

Per i dag drives det éin Bed & breakfast-stad i Vålebrua. Håpet er at fleire kastar seg med. Prosjektleiar Birgitte Bay har allereie vore i kontakt med fleire som kunne tenke seg å dra i gang eit slikt tilbod i heimen sin, og Oppland fylkeskommune tente også på ideen om Ringebu som ”B&B-byen”.

– Folk reiser annleis i dag enn dei gjorde før, og ser ein på trendane elles er slike billege alternativ  til overnatting svært populære. Det å ha eit nettverk av B&B-tilbydarar er unikt i norsk samanheng, så vidt eg kan sjå. Ein finn ikkje noko liknande nokon annan stad, seier Bay.

Fyrstkommande måndag er det ope møte om landsbyutviklingsprosjektet i regi av Ringebu næringsforum. Der skal Birgitte Bay presentere planane for prosjektet.

– Vi er i oppstartfasen, men vi vil presentere ei grunnskisse for det vi skal jobbe vidare med. Det er ingenting så langt som er skrivi i stein, og vi ønskjer å få med oss folket, og få innspel på korleis vi skal jobbe vida, seier Bay.

Auka tilflytting

Hovudmåla med prosjektet er å skape auka bulyst og auka tilflytting til kommunen.

– Det skal bli meir attraktivt å bu i Ringebu, slår ordførar Odlo fast.

– Vi har ei samfunnsutviklingsoppgåve som vi lokalpolitikarar syns er veldig spennande å jobbe med. Dessverre blir det alltid litt lite tid og ressursar til denne typen oppgåver, men nå satsar vi i Ringebu. Og vi får veldig mykje positive attendemeldingar på at vi er såpass framoverlente i dette arbeidet, seier Erik Odlo.