For i midtdalskommunene kan vi ikkje forvente oss så mange varmegrader på nasjonaldagen, tvert om, i følge vakthavande meteorolog ho Meteorologisk institutt, Eldbjørg Moxnes.

– Det kjem kaldluft innover heile landet, og for dykk som bur midt i Gudbrandsalen vil det nok bli ein nokså kald 17. mai. Det er og fare for nattefrost natt til 17. mai. Nå vil temperaturen stige noko utover dagen, men det ser ikkje ut til at makstemperaturen blir på meir enn rundt ti grader, så det kan vera lurt å kle seg godt, seier ho.

Det ser ut til at vi slepp unna nedbør.

– Slik sett er dykk heldige, for fleire stader i landet, spesielt lenger nord, blir det nedbør. Det kan og bli perioder med litt sol i perioder, seier Moxnes.

Men om det ikkje kjem nedbør, vil det derimot bli ein del vind frå nord-vest. I følge Moxnes kan det kome ganske kraftige vindkast.

– Så det kan bli krevande å vera flagg- og faneberar da, kanskje?

– Ja, det kan det kanskje bli. Vi får håpe dei fleste går mest i medvind, sjøl om det kan bli tung nok det også, seier Moxnes med eit glimt i auge.

Når 17. mai er over, ser det ut til at varmen gradvis kan kome attende på nivået vi har hatt dei siste dagane.

– Mot helga att vil vi gradvis få opp mot 15 og 20 varmegrader att. Det blir tørt, men kun fare for regnbyger 16. mai, seier Moxnes hos Meteorologisk institutt.