– Dei store samfunnsutfordringane, omstilling i næringslivet og fornying i offentleg sektor krev at vi satsar på kompetanseheving. Desse pengane skal bidra til å gi tilsette og bedrifter i heile landet oppdatert kunnskap, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Desse bransjane får pengar til utdanningstilbod

  • Avfalls- og gjenvinningsbransjen kr 11 461 313

  • Industri - og byggjenæringa kr 11 119 955

  • Jordbruks-, skogbruks- og gartnerinæringa   kr 11 544 276

  • Finansnæringa kr 22 005 353

  • Informasjonstryggleik og IKT-bransjen kr 26 545 562

Bransjeprogramma er eit spleiselag. Staten betaler for at fagskular, høgskular, universitet og andre kurstilbydarar skal utvikle og drifte relevante tilbod. Bedriftene og den enkelte tilsette investerer si tid.

Målet er at tilsette, permitterte og ledige i bransjar med særleg behov for endring får nødvendig kompetanse til å meistra nye oppgåver, og dermed blir i jobben.

Tett samarbeid med arbeidslivet

– Sidan vi kom inn i regjeringskontora i 2021 har vi lagt stor vekt på å styrke fagskulane, satse på kompetanseutvikling og samarbeide tett med partane i arbeidslivet om læring heile livet, seier Hoel.

Det er partane i arbeidslivet som har foreslått kva bransjar som bør ha bransjeprogram.

Program innan avfalls- og gjenvinningsbransjen, jordbruks-, skogbruks- og gartnerinæringa er inne i sitt tredje og siste år med bransjeprogram. Programmet for industri - og byggenæringa blir vidareført for ein ny treårsperiode

To nye bransjeprogram

Programma innanfor finansnæringa og informasjonstryggleik og IKT-bransjen er nye og er under utvikling.

– Finansnæringa har dei seinare åra møtt nye krav, mellom anna til grøne og berekraftige investeringar. Dette gir behov for ny og oppdatert kompetanse. Informasjonstryggleik og IKT treffer fleire sektorar. Dette bransjeprogrammet vil difor kunne føre til at mange får påfyllet dei treng, seier Hoel.

Det er Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) som administrerer bransjeprogramma.

– Vi ser at bransjeprogramma er etterspurde og treffer godt. Det gode samarbeidet med partane i arbeidslivet gjer at vi får etablert ei rekke korte og fleksible utdanningstilbod som er skreddarsydde til behovet i bransjane, seier direktør i HK-dir, Sveinung Skule.

Fakta

  • I 2024 kom det inn 107 søknader.

  • Totalt vart det søkt om: 250 millionar kroner for utvikling og gjennomføring i 2024-2027.

  • Tildeling 2024: 82,7 mill. kr. til 53 prosjekt.

Kyrkjerestaurering, skogskjøtsel og IKT

I tabellen under er nokre av dei nærliggjande tilboda lista opp. Her kan du sjå fullstendig liste over kven som har søkt og fått støtte.

Studieforbundet AOF har vaksenopplæring som hovedformål, og har tilbod om opplæring for alle, uavhengig av politisk eller sosialt ståsted.

SøkerSakstittelTilsagnsbeløp
INNLANDET FYLKESKOMMUNEKyrkjerestaurering - ei teoretisk innføring2 537 500
HØGSKOLEN I INNLANDET LILLEHAMMERKompetanseutvikling for Informasjonstryggleik - og IKT bransjen3 861 654
INNLANDET FYLKESKOMMUNEModulutdanning Industri 5.0 - fordjuping i metall1 675 180
INNLANDET FYLKESKOMMUNEKvalitet for berekraftig omstilling i landbruket, omarbeidde Kvalitetsrevisor1 764 750
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - formål 4 - Kvalitet og miljø i offentlege anskaffingar1 185 970
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - formål 6 - Sirkulærøkonomi - ombruk1 059 347
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - formål 5 - Avfallshandtering og arealplanlegging1 036 036
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - Informasjonssikkerheit og IKT: Handtering av personvern, etikk og GDPR1 224 430
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - Informasjonstryggleik og IKT: Bestillerkompetanse1 224 430
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - Informasjonssikkerheit og IKT: Digital sårbarheit og tryggleik1 224 430
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - Formål 3 – Leiarfag for dei 3 næringane1 325 695
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - Formål 5 - Profesjonell skjøtsel og forvalting av skogeigedom1 568 023
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - Formål 5 - Trygg bruk av motorsag og ryddesag tilpassa landbruket1 067 040
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - Formål 5 - Biologisk plantevern947 158
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - Formål 5 - Varme arbeid i landbruket845 015
STUDIEFORBUNDET AOF NORGE2024 Bransjeprogram - Formål 6 - Spelereglar i arbeidslivet, partssamarbeid og kulturell forståing802 845