Det er musikarane Brede Vestby og Christian Asphoug som står bak «Tromsa live», eit kombinert bransjetreff og konsert på Tromsvang 20. februar.

Musikarinitiativ

MaVe, Hercules, Papa Mule, Tina Lie, Randi Marie Steig, Blue Lynx, Kari Hanne Rudrud, Frank Asle og Inger Blytt Vestad står på scenen når musikarane ber inn til fest i Fåvang «Rock City» i februar.

– Dette er noko vi har gått og tenkt på lenge. Eigentleg hadde vi tenkt å samordne heile Midtdalen, men fann ut at vi måtte tone det ned litt, og begynner med Ringebu og Fåvang. Håpet er å utvide dette til å gjelde heile Midtdalen til neste år, fortel ein av initiativtakarane, Christian Asphoug, til Dølen.

Alle artistane som står på scena denne kvelden gjer det gratis.

– Alle stiller heilt solidarisk opp for Laugen Rock- og Bluesklubb, og alle inntektene frå arrangementet går attende til klubben, seier Asphoug, som legg til at han håper dette blir ein fantastisk kveld, ein frikveld til å nyte, for dei mange frivillige i rock- og bluesklubben.

Bransjetreff

Initiativtakarane er samtidig klare på at dette også er ein happening for dei som er aktive i musikklivet i Ringebu.

– Derfor legg vi også opp til noko fagleg på dagtid, der vi får input på støtteordningar, TONO og så vidare. Slik sett er dette eit bransjetreff for musikklivet i Midtdalen, seier Asphoug.

Randi Marie Steig står på secenen under «Tromsa Live». Det same gjer Vemund Moss (t.v.) saman med Hercules. Foto: Bjørn Sletten/arkiv