Det er ikkje enkelt når det blir for mange nye ting å halde styr på. Det fekk ein bilførar på Vinstra erfare torsdag.

Midlertidig ljosregulering

Nedregate er nemleg ljosregulert for tida, grunna vegarbeid utanfor utestaden Kolonialen.

Om bilførareren av gamal vane berre kjørte som vanleg, eller "tok sjansen" på å smette forbi på raudt veit vi ikkje. Uansett var politiet til stades. Dei gjennomførte nemleg trafikkontroll i Nedregate i eftasrushet, og kontrollerte 20 bilar.

Ein av dei fekk altså forenkla forelegg for å ha kjørt på raudt ljos.

- To biler vart avskilta etter begjæing, opplyser operasjonssentralen i Gudbrandsdalen vidare på Twitter.