Forprosjektet om biogassanlegg i Ringebu har allereie fått støtte gjennom Grønn satsing-potten til Oppland fylkeskommune.

Reduserer utslepp

Prosjektleiar Mehran Zanjani og gardbrukarane Per Bø, Bjørn Haugen og Lars Skjeggestad Kleven skal etter planen ha klart eit resultat av forprosjekt i løpet av året.

– Det største poenget er at ein kan redusere klimagassutslepp frå landbruket betrakteleg, samstundes som ein tek ut gevinst i form av straum og varme. I enden får ein uansett eit fullverdig gjødselprodukt, seier Zanjani.

Gjæring = gass = strøm

Målet med forprosjektet er å undersøkje moglegheitene for eit biogassanlegg med utgangspunkt i dei lokale føresetnadene.

Arbeidet starta i januar, og i februar blir det workshop med tyske ekspertar på området.

– Reint teknisk består eit slik anlegg av to tankar med biologisk materiale under gjæring. Metangassen som blir danna under gjæringa driv ein generator, som produserer straum, forklarer Zanjani.

Råstoffet vil hovudsakleg vera husdyrmøkk, men også gamle rundballer og anna biologisk materiale.

Firføtte straumprodusentar

Gardbrukarane Per Bø og Bjørn Haugen driv med høvesvis gris og kjøttfe, og tykkjer det er spennande tankar å utnytte ressursar på denne måten. Dei to utgjer, saman med Mehran Zanjani og Lars Skjeggestad Kleven, prosjektgruppa, som har fått 127 500 kroner i midlar frå Grønn satsing.

– Vi skal finne ut lønsemda som kan ligge i eit slik produkt for oss, kor mykje det krev av investeringar og råstoff, og nytta av det i nærområdet, forklarar dei.

Eit optimalt anlegg vil vera i stand til å ta i mot møkk frå om lag 80-100 storfe.

–Anlegg for å ta seg av mindre mengder avfall vil også kunne løna seg på sikt, men det vil bli ein større investering samanlikna med når det vil ta til å lønne seg, seier Zanjani.

Oppover vil det også bli ei avgrensing i høve til logistikk; om ein må frakte møkk over lengre avstandar vil lønsemda gå ned att.

Boligvarme?

I tillegg til å få ut straum, blir det biprodukt i form av varmtvatn og varmluft.

– Så om det blir høghus på Tollmoen kan kanskje oppvarminga bli sørga for av varmtvatn frå biogassanlegget, drodlar dei tre.

Studietur til Tyskland står også på programmet i forprosjektperioden, for å få direkte kontakt med folk som har etablert liknande anlegg.

I februar kjem tyske ekspertar til ein workshop om prosjektet. Mehran Zanjani (t.v) i Vekkom hadde ideen om å gjera møkk frå husdyra til naboane Per Bø og Bjørn Haugen om til straum. Foto: Guro Vollen