Sjølv om påsken kjem tidleg i år, har fylkeskommunen som mål å få frest opp og brøyta dei populære turistvegane, slik at påsketuristane kan kome seg til fjells.

- Det er forholdsvis lite snø i fjellet, så vi trur det skal vere mogleg å få frest opp vegen frå Lom-sida til Sognefjellshytta til påske. Men tilhøva kan endre seg i løpet av dei neste to vekene. Det kan kome mykje snø, eller rasfaren kan auke, seier byggjeleiar Andreas Sande Lien i Innlandet fylkeskommune.

Veret er fint å brøyte i no, men ved uver og sterk vind blir arbeidet vanskeleg. Sognefjellsvegen kan og vere utsett for snøras under visse tilhøve.

Når vegen blir opna, vil han bli nattestengd frå klokka 20 til 08.

Fylkesveg 51 har vore open på dagtid mellom Beitostølen og Bygdin i nokre veker. Byggjeleiar Håvard Ødegård håpar at heile vegen over Valdresflye kan opnast den 22. mars.

- Vi planlegg å opne då, men vi må rette oss etter veret. Når vegen blir opna, blir det nattestenging mellom klokka 20 og 08. Trafikantane må vere førebudde på at vegen kan bli stengd på kort varsel ved uver, seier Ødegård.