Når både kulturminnemyndigheiter og miljømyndigheiter jublar samstundes med politikarar og energiselskap, ja da må nokon ha tenkt smart.

Stig Grytting tok før helga i mot både næringslivstoppar og politikarar i tunet på garden.

Lang prosess

Grytting har fundert på løysinga for det gamle sauefjostaket i to år, sidan han høyrde om solcellepanela, som blir brukt som tekkemateriale omtrent som gamle skiferheller. Prosessen har vore lang, men han tenkte det ville vera ei god og bærekraftig løysing.

– Og ikkje minst i tråd med kulturarven vi forvaltar her på garden, seier han.

Sygard Grytting har lang historie, og det eldste huset som ennå står på garden er frå 1300-talet.

– Da vi søkte om tiltaket sendte Sør-Fron kommune saken vidare til Fylkeskommunen, sidan fjoset er sefrak-registrert og verneverdig, og kulturminnemyndigheitene i fylkeskommunen ville eigentleg ha Riksantikvaren til å sjå på det også. Men dei fekk det att, og vi fekk klarsignal, fortel Grytting.

Det hjalp truleg på at det tidlegare er montert slik tak på ei kyrkje i Rogaland bispedømme, og der er den opphavelege skiferen av ei ljosare type.

Vil ta ansvar

– Med gjestedrifta på garden er vi storforbrukar, og ønsker å ta ansvar. Vi har alt begynt å legge til rette for vassboren og bergvarme til oppvarming i 4 av dei 6 husa. Det vil likevel vera behov for mykje strøm framover, for varmepumper, ljos, koking og batterilading til dømes, seier Grytting.

Energibruken har lenge vore tenkt på, og garden har installert luft til luft-varmepumper og brukar vedfyring med ved frå eigen skog som oppvarmingskjelde også.

– For oss er det fokus på bærekraft og at det er noko som passar inn i kulturlandskapet som er viktig, seier Stig Grytting.

Lufting: Spalter under kvar helle sørger for lufting under; produksjonen er best når det er kjøleg. Foto: uro Vollen

Solenergi frå GE

Marius Sveipe frå Gudbrandsdal energi seier Grytting er fyrste plusskunden deira i Gudbrandsdalen.

– Det er naturleg for oss som kan strøm og energi sel solenergianlegg, seier han.

Energibedrifta satsar nå på solenergi, og inviterer i næraste framtid til opne kundemøte om moglegheitene.

Til el-nettet: Gudbrandsdal energi, her ved Marius R. Sveipe, som har levert taket til Sygard Grytting. – Naturleg med sol for oss som kan energi, seier han. Foto: Guro Vollen

Fleire var innom for å studere taket etter næringslivets dag på nabogarden Rudi, mellom anna ordførar Rune Støstad, som snart får eit biltema-tak på 5000 m2 i kommunen.

– Vil det vera aktuelt for kommunen å sjå til slike alternativ på nye bygg?

– Det er ikkje umogleg, og det jo ein inspirasjon for det offentlege at private gjer slike ting, seier Støstad.