Vidar Wahlquist gjorde unna si tre mil lange etappe onsdag, på ein times tid. Dei tre mila frå Otta gjekk unna med ein snittfart på 30 kilometer i timen.

Drosjesjåføren frå Kvam stilte opp, då han i vinter vart sett opp på stafettlista av Norges Taxiforbund sin leiar i Oppland, Øystein Skoglund.

– Eg måtte berre kjøpe meg sykkel og ta til med trening, seier han.

Saman med ein gjeng på Kvam, har Wahlquist vore ute på sykkelsetet til saman tredve mil hittil i vår. Og han seier han kjem til å halde fram, sidan han merkar at det gjer godt.

– Vi har eit yrke der vi sit heile dagen i bilen, og da er det viktig å få rørt litt på seg, seier han.

Og legg til at kona har trua med å selja sykkelen, om han ikkje er ute på sykkelen også neste veke.