Tysdag morgon la Landslaget for lokalaviser (LLA) og Mediebedriftenes Landsforening (MBL) fram nye opplagstal for heile avisbransjen.

Tala viser at Dølen fortsett den fine opplagsauken dei har hatt dei siste åra.

Dølen har nå eit opplag på 4 469, medan talet ved utgongen av 2021 var 4 355. Auken er på 114.

Dette er eit historisk høgt tal for lokalavisa i kommunene Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron, som aldri har vore større enn nå.

Dølen er den einaste av avisene i Gudbrandsdalen som aukar. Gudbrandsdølen Dagningen går attende med 23, Fjuken med 36, Nordalen med 95, medan Vigga går attende med 5.

Lokalavisa Alvdal midt i Væla/Tynsetingen er opplagsvinnarar i Innlandet med oppgong på 129.

Grundige og nære

– Vi er svært fornøgde med desse tala, og takkar lesarane for at dei vel å abonnere, seier redaktør og dagleg leiar i Dølen, Tone Sidsel Sanden.

– Det ligg mykje hardt og godt arbeid bak. Vi vil vere ei levande lokalavis med innhald som er viktig for folk. Vi har satsa mykje på direktesendingar og film, som har vore ei suksess. I tillegg skriv vi mykje om folk, med sterke og nære reportasjar. Det veit eg betyr mykje for mange, legg Sanden til.

Redaktøren meiner og at å våge å bruke tid, skrive dei grundige sakene, er viktig i ein hekstisk digital kvardag.

– Ein kan lett let seg rive med av å skulle oppdatere ofte på nett. Vi meiner at lesarane er tent med, og ønskjer, saker som er gjennomarbeidd og grundige også. Slik prioriterer vi og den kritiske journalistikken. Vi vil take vare på det som er spesielt og godt med Dølen, seier Sanden.