Marita Aanekre, som tok imot fyrste brukar av Inn på tunet-tilbodet sitt i 2007, var vertskap for samlinga.

Ho er glad for, og har jobba for, ei overordna organisering som profesjonaliserer tilbodet til dei mange og ulike aktørane på gardar i heile Innlandet.

- For meg er det viktigaste for mitt Inn på tunet-tilbod, at eg brukar tida mi med å jobbe her på garden, seier ho.

Ho tykkjer derfor det er veldig godt å ha fått inn nokon som skal marknadsføre, selja og ikkje minst skrive kontraktar for tilbodet ut til kommunane.

Det arbeidet står Eli Grøntoft Dybdahl for, som dagleg leiar for Inn på tunet Innlandet SA. Bøndene som tilbyr Inn på tunet-tenester eig selskapet saman, og dagleg leiar skal jobbe for å få innsalg og like vilkår for velferdstenestene dei tilbyr over heile Innlandet.

Saman to dei imot eit tjuetals tilbydarar og kommunerepresentantar til fagsamling på Aanekre måndag.

Målet er å overtyde kommunane om å bruke tenester på Inn på tunet gardane til velferdsoppgåver kommunane sjølve ikkje har.