Men sjølv om patriotismen sjølvsagt pregar byfesten, betyr det ikkje at nordfrøningane vil feire aleine.

– Vi har eit mål om at byen og festen skal vera raus og ikkje berre vera for dei med postnummer i Nord-Fron. For oss er det viktig å fortleja at Vinstra er ein by for alle i Gudbrandsdalen, seier Vegard Moshagen, kunstnarisk ansvarleg for Byfesten.

Derfor har han saman med dei andre i komiteen i år som tidlegare invitert artistar frå andre stader i dalen, mellom anna sørfrøningane i Baksia og Ringebus nye songstjerne Randi Marie Steig.

– Vi skal by fram det byen, og området rundt, har å by på, skyt Anita W. Heggestuen inn.

Bil i sentrum

I fjor fekk landbruket synt seg ekstra fram med opptog laurdag.

– Vi håper at eit slik opptog kan bli ein tradisjon, men med ulike aktørar frå år til år. Denne gongen er det amcar-miljøet som skal få syne fram bilane sine, seier Moshagen.

Han legg til at gatebiletet blir som i fjor, med to scener i kvar sin ende, og eit mylder av folk i mellom.

– Målet med heile Byfesten er jo å få folk til å treffast, seier han.

Fullstendig program for Byfesten blir ikkje klart før i august, men allereie denne veka sleppte kommunen, som er arrangør, hovudartisten.

Nesbø i Nedregate

Laurdag 2. september står Di Derre, med Jo Nesbø i front, på scenen i Nedregate.

– Det er jo artig å finne noko som ikkje har vore på Vinstra før, og så vidt vi veit har ikkje Di Derre vore det, seier Moshagen og Heggestuen.

– Kvifor Di Derre?

– Dei har vore med i diskusjonane i mange år. Dei famnar eit breitt publikum, og kanskje eit litt vaksnare publikum enn vi gjorde i fjor, da Onkl P var hovudartist, seier dei.

Men ungdommen får også sitt. Fredagen, med Barnas byfest blir utvida, og da blir det også ungdom i sentrum, når ungdomsklubben flytter sine aktivitetar opp frå Kåja til Nedregate.

– Vi skal fylle gata med mykje moro, seier Anita Heggestuen.