Vårens store eventyr for medlemmane av markedsforeninga er motevisninga i Vinstrahallen torsdag. Mykje arbeid skal til både før, under og etter.

- Vi føler nesten at kundane forventar det, og at dei gler seg, seier styreleiar for foreninga, Anne Marie Olstad.

For alle aldrar

Med på showet er over 15 engasjerte medlemsforretningar i VMF, og med seg har dei lokale modellar til å syne nyhende frå butikkane, med noko til alle aldersgrupper.

- Dette er ein sosial møteplass også, folk tek gjerne med seg vener og naboar. Samstundes får vi høve til å syne at vi er ei rekkje frittståande butikkar som satsar utanom kjeder, det er ganske spesielt, seier Olstad.

Konkurransa med netthandel er også ein faktor i desse dagar, og Olstad meiner at det er viktig å gje denne påminninga. Det plar synes på handelen også.

- Vi ser det godt på handelen i dagane etter motevisninga. Å sjå kleda fysisk på nokon er viktig, seier ho.

Som teknisk arrangør har dei hjelp av Vinstra generasjonskorps. Dei tek hand om opp- og nedrigging, kaffe- og kakesalg.