Vegvesenet og entreprenørane Implenia og AF inviterte nemleg til ope dag på E6-anlegga i Midtdalen søndag.

I Kvam fekk folket høve til å gå på den nye brua over Laugen, i tillegg til at ein fekk gå inn i Teigkampentunnelen.

Nysgjerrige midtdølar

På Harpefoss var det både høve til å komme opp på Harpe bru, og få tur med buss gjennom tunnelen frå Odenrud til Frya.

- Folk er ivrige på å sjå korleis det skal bli, seier Roger Jenshus i Statens vegvesen til Dølen.

Da Dølen var på anlegget ved Harpe bru ein time etter at det vart opna for publikum søndag, hadde allereie vel 150 menneske vore med på bru- og tunneltur.

- Folk er nysgjerrige, og vi prøver å informere mellom anna gjennom brosjyrer, men slike dagar er viktige, for da får vi synt fram kva vi driv med, seier Jenshus til Dølen.

Gjennom tunnelen

I tillegg til at det var høve til å komme opp på Harpe bru, fekk altså publikum tilbod om å bli med på busstur gjennom den 4300 meter lange nye tunnelen frå Odenrud til Frya.

Du kan sjå video av turen gjennom tunnelen i spalten til høgre.