Dagens E6 gjennom Hundorp, Harpefoss, Vinstra og Kvam blir gjort om til tettstadgater når E6-trafikken forsvinn over til den nye vegen. Men går det an å tenkje alternativt? Kan til dømes Nedregate bli hovudgata gjennom Vinstra?

Dagleg leiar i Midt-Gudbrandsdal næringsforening, Frank Mathisen, meiner Nord-Fron kommune nå har ei moglegheit til å drive aktiv næringsutvikling, og blåse liv i Nedregate gjennom å føre biltrafikken gjennom handlegata.

– På Vinstra skjer det mykje nå, og ein må sjå alt i samanheng. Det er frykteleg dumt å legge ned kanskje 30 millionar kroner berre i ei fartsåre gjennom Øvregate, seier Mathisen til Dølen.

Dras mot Lomoen

For er det slik at alt må flyttast over til Lomoen, spør Mathisen.

– Eller skal ein ta grep nå ved å legge Gudbrandsdalsvegen gjennom Nedregate, og la det vera avlastningsveg og tettstadgata på Vinstra, i staden for å bruke pengane på Øvregate? Gjer ein ikkje det kan Nedregate ende opp med ingenting, seier Mathisen.

Han understreker at han tenkjer høgt, og at det kan ende opp med at Øvregate blir hovudtrafikkåra på austsida av Laugen også etter at ny E6 opnar.

– Men eg meiner det må vera takhøgde for denne debatten, og skal den tas, må den tas nå, seier Mathisen.

Avlasta vegnett

Vegvesenet ønskjer debatten velkomen. Ei av utfordringane er at vegen også skal vera avlastnings- eller omkjøringsveg ved ei eventuell stenging av ny E6.

– Dette jobbar vi med nå, og ser på kva som skal vera gjennomgåande veg. Desse tettstadgatene skal kunne tåle omkjøring når tunnelane blir stengt, og da skal trafikken gå på dagens E6. Da blir det eit spørsmål om kvar den omkjøringa skal gå på Vinstra og kvar midlane til avlasta vegnett skal brukast, seier Kari K. Sundfør i Statens vegvesen til Dølen.

Les heile saka i papirutgåva 7. januar.