Og så klossebyggjarane da. Det tok ikkje lang tid før ekspertane i faget, Magnus Kraggerud Wadahl, Harald Ruset Sletten, Sigurd Solberg Grauphaugen og Håvard Kraggerud Wadahl hadde brukt opp alle klossane, til sin eigen Dovregubbens hall.

- Det er enklare å bygge med småklossar, altså, slår dei fast.

Dei fire deltok på Vinstra marknadsforenings barnas dag, der aktiviteter ute og inne lokka folk med sommarfri til Nedregate.

Det gjorde også Håkon Svendstad Moen og Mari Ebbing Gulliksen, som  høyrde Torill Sperre lesa eventyr på biblioteket. Smørbukk ordna seg til slutt frå frå trollet, heldigvis.

- Men kven er det som har årna det eventyret, eigentleg, undrar Håkon på.

Han meinte å kjenne det att frå Hunderfossen.

Eventyr er eventyr, og Smørbukk kappa hovudet av trolldattera og kokte suppe!

- Men det er ikkje skummelt, seier Mari.

Så hadde ho med seg bestemor også, da.

Loftet dansestudio hadde miniworkshops, og fekk med både SFO og barnehagar til å danse Trolldansen.

I hoppeslottet var Vilde Myrset Byrhagen (2) ei av dei som hoppa og dansa.

Ho og bestemor Irene Nystad kosa seg saman i  den midlertidig avstengte Nedregata på torsdags formiddagen. Arrangementet var ein del av Vinstra markedsforenings programpostar under Peer Gynt-stemnet.