Verbale poetiske krumspring og gode anekdoter, fletta saman som eit livsløp innanfor rammene til skihoppet. Eit utruleg vellykka grep frå poesislammaren Kjetil Almelid, som også fekk folk til å fylle salongen i kulturhotellet.

Publikum fekk ein time tettpakka med musikk, gode historier og poesi frå Almelid, som saman med Jørn Harald Høydal på bass og Johnny Kvaale Bjerk på gitar, leverte frå tårnet, ut på bommen, i ovarennet, i sats, svev og landing - heilt ut på sletta.

Les meir i Dølen torsdag.