Men heilt nøgd med å ikkje kunne bli med, når lassfarten går frå Sødorp, er han ikkje, når vi snakkar med han laurdag. Måndag dreg han nemleg langt uti vesterled, for å drive tunnel på Færøyane.

– Korleis blir det å sjå resten av lasskjørarane reise i dag?

– Det blir skikkeleg kjeitt å ikkje få vera med i år, og det svir nok å sjå dei tek åt nå.

– Kor mange år har du vore med på turane til Røros?

– Det har vore berre ein gong før, at eg ikkje ha vore med. Det har vanlegvis passa med frivekene mine frå jobb.

– Og jobben foregår kvar?

– Nå jobbar vi på Færøyane, vi driv undersjøisk tunnel frå hovudstaden Tórshavn med ei rundkjøring, og opp att i to løp, på kvar side av ein fjord.

– Og jobben din går ut på?

– Eg er stuffreparatør, det vil seie eg har med boreriggen og reparasjonar der å gjera, samt fjellsikring og sjølve boringa.

– Er det fleire døler med der?

– Ja, det er bror min, Karl Kristian. Han er skytebas. Vi jobbar 12 dagar der, og har 16 dagar heime.

– Førøyane, korleis er det der?

– Det er fint der, når det er pent vær. Og det var det faktisk ein del av, i sommar. Vi har vel att vel eitt år der, pluss at vi har opsjon på ein tunnel til.

– Kva med språket?

– Det går an å lesa det og forstå, men det blir verre når dei tek til å prate. Når dei slår over til oss pratar dei eit slags dansk, men det har på ein måte norsk aksent, pussig det der. Og så er det enkelte ord som liknar dialekta vår. Som på fartsgrenseskilta, der står det «I mesta lagi».

Fødd for seint

– Attende til lasskjøringa, kva er det som er så fascinerande med det?

– Det er vel det å gjera ting på den gamle måten, og så er ein skikkeleg fri, og slepp å røre ein bilnøkkel på fjorten dagar.

– Du har sans for alt som er gamalt?

– Jada, eg har gamle bilar og motorsyklar også. Det har kanskje å gjera med at det går litt rolegare for seg.

– Da må du mekke sjøl?

– Den eldste er ein bil frå 1934. Ein kan ein på ein måte ikkje setja inn den på verkstad, heller, nei.

– Og dette med hest og martna på Røros er heilt spesielt?

– Ja, det har mykje med det sosiale og folkelivet å gjera. Der møter ein folk frå heile landet, og den gamle stilen passar inn. Ein kjem på ein måte inn i den gamle tida ein drøymer seg bort til når ein er på tur.

– Skulle du vore fødd tidlegare?

– Hehe, det er mange som seier det. Eg er nok fødd eit par hundre år for seint, meiner dei. Lua er til dømes frå 1700-talet.

– Det er ikkje alt moderne du ville vore utan?

– Nei, eg køyrer nå bil. Bil og varmepumpe, det er eg vel eigentleg veldig greitt å ha lell.

Og det er ikkje kvar dag eg går i denne habitten! Eg tykte eg måtte stille opp i dag da, når dei skal reise.