– Arrangementet vart ennå betre enn forventa, slår primus motor, Tom Erik Åsen, fast. Det er STEIL som arrangerer fjellmaratonet.
Kjem att neste år
I fjor debuterte fjellbygda som løpsarrangør, med 80 startande. I år var det totalt 148 påmeldte på løpet, som også i år vart arrangert som heilmaraton for fyrste gong. På distansen var det eit sterkt startfelt, med skiløpar Øystein Pettersen i spissen. Han debuterte også som maratonløpar i Skåbu.
– Øystein var såpass fornøgd at han allereie nå har signalisert at han kjem att til neste år, fortel Åsen.
Lokal gründer fikk drømmejobb i Dubai
Eigen klatretrøye
Ein av Norges beste fjelløparar, Gjermund Nordskar sto også på startstreken, saman med vinnar av årets Rallarvegsløp, Håkon Haug Urdal. Det var Urdal som trekte det lengste strået og avgjorde i den avsluttande Kamfossbakken. Pettersen fekk til slutt ein fjerdeplass. Dameklassen vart vunne suverent av Sylvia Nordskar, foran Line Mari Langseth. I halvmaraton sette vinnarane Magnus Bleken og Sigrun Gjølberg nye løyperekordar.
– I år hadde vi med eigen klatretrøye for den med best tid frå botn av Kamfossbakken og opp til mål. 7,5 kilometer med barneløp i sentrum, skapte god stemning i Skåbu denne laurdagen. Mykje publikum var også ute i gatene, fortel Åsen.
Knyter band til London
Garanterer meir
Laurdagen vart avslutta med after-run Hos Rødhette og Ulven, med foredrag av fjelløpar Gjermund Nordskar.
– Det var fullt hus og god stemning, slår Åsen fast, som meiner at maratonet er kome for å bli.
– Vi fekk attendemeldingar på at det var det finaste maratonet dei hadde vore med på, og at dei ville kome att neste år. Eg trur at vi har treft med løypa og konseptet, legg han til.
Nå skal arrangementet evaluerast.
– Slik kan vi bli ennå betre, men det blir garantert løp neste haustferie også, seier han.
Av gode lokale prestasjonar kan vi nemne søstrene Ragnhild og Gjertrud Ekre frå Tverrbygda, som gjennomførte på imponerande måte. 13 år gamle Oliver Plassen Brandvold kom i mål på 31,35 på 7,5 km. Med det vart han nummer fire totalt.