Therese Johaug knuste all motstand på den aller siste etappen i årets utgåve av Tour de Ski. Ho tok att forspranget til lagvennina Ingvild Flugstad Østberg før det brattaste henget opp alpinbakken, og berre heldt fram med å auke. På toppen var Johaug godt over 2 minutt framfor neste kvinne i mål.

Ingvild Flugstad Østberg vart nummer to, mens Heidi Weng sikra heilnorsk seierspall.

Dermed kunne trenar Egil Kristiansen frå Fåvang og Vinstra konstatere at han utan tvil er trenar for verdas beste skijenter.

Egil Kristiansen frå Fåvang er trenar for langrennsjentene. Foto: Norges Skiforbund.