Han har like godt bestilt 800 eksemplar av boka, og reknar med å få god avsetnad på Søsterklokkene, som romanen heiter.

- Når verdas beste forfattar kjem frå Ringebu, må jo vi prøve å vera verdas beste til å selja boka også, seier han.

Uvanleg bestilling

Også forlaget til Mytting, Gyldendal, er imponert over butikken i heimkommunen hans.

- Eg har aldri opplevd at ein bokhandel skal ha så mange bøker, seier Julie Kalager, som er informasjonskonsulent i Gyldendal.

Salssjef Jan-Frode Brenna-Hansen seier det vanlege er at større bokhandlarar tek inn i snitt 20 bøker av ein forfattar.

- På større satsingar snakkar vi om eit uttak på 50 bøker, sjøl med unnatak der talet varierer. Likevel er eit uttak på 800 bøker eksepsjonelt høgt, seier Brenna-Hansen.

Han legg til at Ringebu er av dei som sel mest av Mytting.

- Vi kjem med bil og tilhengar til lanseringsarrangementet fredag, men det kan hende noko av bestillinga må bli frakta med forlagssentralen, fordi det rett og slett blir for stort lass, seier Kalager.

I følge forlagssentralen går det 870 eksemplar av romanen på ein pall.

Bokbad og foredrag

Sjøl har Asphoug for ei stund sidan lese boka i digitalformat, og er sikker på at den blir ein ny suksess for fåvangingen Mytting. Såpass medrivande var boka, at han ikkje hadde behov for å vente på den trykte utgåva.

- Eg las boka på skjermen her ved disken, fortel han, og legg til at han har stor tru på å få seld bøkene.

- Kor ofte har du bestilt så mange bøker til ei lansering?

- Det er vel aldri, seier Asphoug.

Laurdag kjem Lars Mytting til biblioteket på nytt. Da for å halde foredrag om alt det historiske materialet han har dukka ned i, under arbeidet med romanen.

Mytting er ikkje berre populær på heimtraktene; til saman har bøkene hans seld over ein million eksemplar i 18 land, i tillegg til Norge.

Han debuterte med romanen Hestekrefter i 2006, og i 2010 kom VårofferetHel ved  (2011) vart ein internasjonal bestseljar, og fekk bokbransjeprisen i Storbritannia for årets beste sakprosa. I 2014 fekk han Bokhandlerprisen for romanen Svøm med den som drukner, som vart utgjeve på 15 språk.

Fredag blir det lansering av Lars Myttings nye roman, Søsterklokkene i Ringebu bibliotek. Laurdag skal forfattaren ha foredrag om det historiske stoffet som ligg til grunn for boka. Foto: Julie Pike, Gyldendal