For rett nord for avkøyringa til Kvam frå nye E6, kan ein ikkje unngå å leggje merke til det store informasjonsskiltet som er sett opp i grøfta. Der kan ein ved fyrste augekast, verkeleg sjå kva det er som finst av attraksjonar i tettstaden. Skiltet er plassert på ein tilhengar, eit stykke i frå vegbana.

– Det er vi og Sinclair som har samarbeidd om dette, bekrefter kjøpmann på Kiwi, Ole Kristian Rudland.

- Vi representerer snart dei einaste arbeidsplassane i Kvam. Vi må fortelje at vi er til. Vi orkar ikkje å fortsette kampen mot vegvesenet, seier Rudland.

På det mobile skiltet er det sett opp symbol for det ein kan finne av tilbod i Kvam. Foto: Tone Sidsel Sanden

Mista all tillit

Det har ikkje vore noko dialog med Statens vegvesen på oppsett av skiltet. Etter Rudland si meining har dei gjort noko som er fullt lovleg.

- Dette er eit mobilt skilt. Det står på ein tilhengar på privat grunn, og vi har tillating frå grunneigar. Vi har også sett det opp 30 meter fra vegen. Slike skilt ser ein over alt, og det kan vel ikkje gjelde andre reglar for Kvam enn for andre stader, undrar han.

Rett nord for Kvam er det skilta inn til Kvam og til Kvamsfjellet. Næringslivet i Kvam hadde ønsjkt at det var meir informasjon både der og når ein kjem opp i sentrum via ny innkøyring til Kvam. Tidlegare prøvde dei seg med eiga skilting der også; den vart fjerna av vegvesenet.

– Det er heilt meningslaus, etter mi meining, at det ikkje skal være skilta til ladesatsjon for el-bilar, til Cirkle K, eller til Rondablikk. Mange tek kontakt for å høyre om det går an å lade i Kvam. Vi har også gjester som skal til Rondaplassen som ikkje veit kor dei skal køyre. Når det ikkje går med dialog med vegvesenet, må vi gjere noko sjølve. Eg har mista all tillit til vegvesenet, seier Rudland, som meiner det er mykje inkonsekvens når det gjeld skilting.

- Ein kan sjå oppover norddalen. Der er det massevis av skilting til ulike overnattingsstader heile vegen, seier han.

Ole Kristian Rudland, eigar av Kiwi i Kvam, har i lengre tid kjempa for å få betre skilting til Kvam. Foto: Tor Larsen/arkiv
Vigdis Holmestad er prosjektleiar for Gudbrandsdalsvegen. Ho vel å tru og meine at skiltinga langs denne vegen ikkje er heilt ferdig ennå. Foto: Tor Larsen/Arkiv

Ingenting banka i stein

Rudland fortel også at dei har prøvd gjennom Midt-Gudbrandsdal næringsforening og Gudbrandsdalsvegen å få til god løysing, saman med vegvesenet.

- Eg har hatt ein god dialog med vegvesenet, bekrefter prosjektleiar for Gudbrandsdalsvegen, Vigdis Holemstad.

- Det er veldig mykje reglar å ta omsyn til. Frå E6 blir der nok ikkje så mykje meir skilting, anna enn at vi skal ha opp nokre fleire symbol på bobleskiltet der det står Gudbrandsdalsvegen. Vi skal også ha opp ei informasjonstavle ved Kvam Mek. med numrering og kart til attraksjonar langs vegen. Så tenkjer eg at ingenting er banka i stein; skilting langs Gudbrandsdalsvegen oppfattar eg som ikkje heilt ferdig, seier Holmestad, som også ser fordelar med reglar for skilting.

- Vi ønskjer ingen skiltjungel heller. Vi må tenkje igjennom kva som er viktig for oss, seier ho.

Slik bir informasjonsskiltet om Gudbrandsdalsvegen, som skal settast opp ved Kvam mek. Det blir ulik informasjon på dei ulike tettstadane. Det manglar ennå nokre bilde på dette skiltet, før det er ferdig, opplyser Holmestad,

- Ikkje greit

Gunnar Haugen i Statens vegvesen region øst, har fått høyre at det er sett opp eit skilt i Kvam, men han har ikkje sett det sjølv. Han svarer både ja og nei på spørsmål om det er planlagt å sette opp fleire skilt.

- Det er planer om å ha om noko meir informasjon på samleskiltet som står lengre nord for Kvam, under skiltet der det står Gudbrandsdalsvegen. Der kan det vere mogleg å ha opp symbol for Krigsminnesamlinga, seier han.

Også ved innkøyringa til Kvam sentrum, kan det kome noko meir info.

- Det er nemt på at det kan kome opp eit symbol for Nasjonalparken, men elles er det ikkje tenkt noko meir der, seier Hagen.

Roar Holten, i avdelinga for plan og trafikk, med ansvar for reklame, fekk også informasjon om skiltinga frå næringsdrivande søndag. Om dette er lovleg eller ikkje, vil han ikkje gje eit tydeleg svar på til Dølen mandag.

- Det er vanskeleg å uttale segom dette så lenge eg ikkje har sett det. Men vegvesenet skal ha eit ord med i laget, dersom dette liknar på å vere eit offentleg skilt. Da er det ikkje greit at dei har gjort dette utan å ta kontakt med oss, seier han.

Meir skilt

- Men dette står på privat grunn, på ein tilhengar. Likevel kan det vere ulovleg?

- Det er ikkje gitt at det er lovleg likevel. Det er mange andre omsyn ein må ta. Dette er regulert i vegloven, seier Holten, som skal sjå meir på denne saka i løpet av dagen.

Rudland på si side, er klar på at betre skilting, det skal næring sjølve sørge for.

- På ein låvevegg, hos Salmakeren, skal vi ha opp eit skilt som dekker heile veggen. Dette skal vere godt synleg når ein kjem ut frå tunnelen frå sør. Dette er spesialbestilt fra Tyskland, seier Rudland.