Ringebu kommune er nå i ferd med å gå gjennom tilboda med tanke på krav i konkurransegrunnlaget og tillegg til dette, heiter det i ein e-post frå Ringebu kommune.

Omkøyringsvegen skal mellom anna avlaste vegnettet i Fåvang sentrum frå tungtransport. Dessutan blir den bygd som ei flaumforbygging. Ved dei siste storflaumane har Fåvang sentrum vorte særleg hardt råka, og for hjørnesteinsbedrifta Fåvang sag har det ført til store tap.

Lokale i båe tilbodsender

Både det dyraste og det rimelegaste tilbodet som vart levert inn kom frå lokale entreprenørar. Erling Rolstad AS (Vinstra) har gjeve inn eit tilbod på vel 23 millionar kroner, medan Åge Haverstad AS (Sør-Fron) leverte eit tilbod på nærare 35 millionar kroner.

T Engene AS (Gol), AF Gruppen (Oslo), Ahsco entreprenør AS (Vinstra), Løype anleggsdrift AS (Gausdal) og Frya grustak AS (Ringebu) har også levert tilbod.

- Vi jobbar med å gå i gjennom tilboda og kontrollrekne dei nå, seier John Ole Sørsveen i Ringebu kommune.

Den tusen meter lange omkjøringsvegen rundt Fåvang sentrum skal også fungere som flaumvoll, med minst ein pumpestasjon. Vegen skal vera så høg at den når over nivået til ein 200-årsflaum, og er eit ledd i å sikre arbeidsplassar ved ein flaumsituasjon og samstundes redusere trafikkbelastninga i Fåvang sentrum, heiter det i tilbodsdokumenta på Doffin.

Oppstart er etter konkurransegrunnlaget planlagt i starten av 2017, med ferdigstilling september 2018.

Tilbodsfristen var sett til 20. juli for at ein skulle sikre moglegheit for justering av dei økonomiske løyvingane, om desse ikkje strekkjer til. Det vil i såfall bli ein sak i budsjettbehndlinga i Ringebu i haust.