På Grøntuvsetra er det storfe i fjoset att - om enn på ein annan måte enn da kua sto på båsen. Nå heng biletkunst frå Ragnhild Slåen frå Lillehammer på veggane, deriblant fleire bilete med kalvemotiv. Utstillinga er open kvar dag fram til og med neste helg.

Gallerist Anne Holsbrekken seier utstillinga har vore bra besøkt.

- Og nå i helga, som Peer Gynt er godt i gang, ventar vi meire folk, seier ho.