Dermed blir det ei ny vurdering av grusressursen i området, etter at Hallgeir Larsen (H) fremja interpellasjon til kommunestyret måndag.

Påstand om feil i saksgrunnlag

Larsen meiner reguleringsplanen frå september 2013 kan gå hardt utover næringsdrivande og grunneigarar. Dolen.no skreiv om saka måndag.

I stutte trekk går påstandane i interpellasjonen ut på at kommunen i sine dokument, har lagt til grunn for låg verdi på grusen, og at potensialet for drift i området som er regulert, er estimert til ti års drift, og til ein marknadsverdi på 163 millionar kroner.

Grunneigar Magnhild Søberg ønskjer meir enn kommunen sin pris i kontrakt frå 2011, og har med advokat i forhandlingar vidare. Ho visste ikkje kva ressursar som låg under bakken då ho skreiv under.

Kan gje både tomter og grus

Entreprenør Sjur Haugen i Brødrene Haugen vil gjerne bygge ut infrastruktur for næringstomter, mot å få utvinne grusen, og møtte opp på tilhøyrarbenken måndag, i lag med mellom anna grunneigarar.

– Det  er klart det er vanskeleg å spå framover, men slik det ser ut i dag, kan det ligge an til ti års produksjon med desse ressursane. Prisen i dag ligg på meir enn det dobbelte av dei sju kronene per kubikkmeter, som kommunen legg til grunn, seier Haugen.

– I løpet av eitt år, kan dei fyrste ti måla med næringstomter bli klare. Det blir ein vinn-vinn situasjon for alle partar, seier Hallgeir Larsen til Dølen før møtet.

Ordførar Olav Røssum gav svar på interpellasjonen i kommunestyret måndag.

– Saka  har mange sider, og det er teke opp mange detaljer i interpellasjonen. Saka har vore gjennom grundig handsaming i kommunen, hjå Fylkesmannen og i siste instans i Kommunal og moderniseringsdepartementet, men tek opp så alvorlege påstandar at vi må ta stilling til det. Til dømes at vedtak har vorte fatta på feil grunnlag, og andre alvorlege påstandar. Eg ber om at saka blir sendt over til planutvalet. Så får vi sjå kva planutvalet konkluderer med, seier han.

Må utgreie

Ordføraren meiner framleis at vurderinga av næringstomter framfor grus er rett, all den tid det er interessentar som etterspør dette, og kommunen helst skulle hatt areal til framtidige interessentar.

Planutvalsleiar Mathias Kjæstad (Sp) ønskte ikkje å gå inn i diskusjonen, nå som det kjem ein gjennomgang i planutvalet. Han peikte likevel på to prinsipielle problemstillingar.

– Fyrst, om det er fatta vedtak på feil grunnlag. Det er stilt spørsmål om administrasjonen har lagt fram ukorrekte eller ufullstendige opplysningar, då må vi utgreie det, seier han.

Andre problemstillinga er om det etter reguleringsplana har kome fram nye opplysningar, eller er føresetnader endra, slik at det kan gje grunnlag for å omregulere? Kjæstad meiner det kan bli gjort, som i andre høve.

– Om  pristilhøva har endra seg så mykje, så får vi sjå på det. Ei sakleg vurdering vil bli gjort, og eg støttar ordførarens forslag, avslutta han.

– Inga skam å snu

Therese Øybrekken (V) ga uttrykk for at dette er ei vanskeleg sak, og var overraska over alle dei alvorlege påstandane.

– Eg  er glad for at Hallgeir har sett seg inn i og fremja saka, og vonar vi no har mot til å starte ein prosess for å endre, dersom påstandane stemmer. Det er inga skam å snu, seier ho.

Også Rune Støstad (Ap) konkludere med at ressursane i Brynsmoen er viktige, og støtta hovudpunkta i interpellasjonen.

– Næringsutvikling  er viktig, men det er ikkje berre gründerar og nyetablerte; ofte gløymer ein det eksisterande næringslivet. Vi må sjå på korleis vi kan ta ut ressursane på ein god måte. Det kan vera anna situasjon nå, og dette er viktige eksisterande arbeidsplassar, seier han.

– Her er sagt mykje, eg går ikkje i detalj, men eg vil snakke om det enkle forhold, at det er to næringstiltak vi snakkar om, det eine er nye tomter, det andre er å ta vare på næringar vi allereie har i området, både med grus og gard. Vi må få ny utgreiing, og så sjå kva ein bør velje av dei to, på fritt grunnlag, seier varaordførar Ragnar Jacobsen (H).

Saka blir sendt til planutvalet for vurdering.