Det er vakthald ved brua over Lågen gjennom heile kvelden og natta.

I løpet av onsdagen fekk jernbanebrua på Ringebu seg ein skikkelig knekk, og onsdag kveld er det ein reel fare for at den bryt heilt saman.

Det seier pressevakt hos Bane Nor, Anne Kirkhusmo.

– Ja, det er ein reell sjanse for at brua kan bryte heilt saman. Vi har sett opp sperreband, og både vi og politiet er til stades, seier Kirkhusmo.

Tragisk

Brua har ikke forandra seg mykje i løpet av onsdagen, men likevel er det stor fare for at brua vil knekke.

– Det er vanskeleg å seie noko sikkert. Det kjem og an på korleis vassmengdene blir dei neste timane, seier Kirkemo.

– Dersom ikkje brua knekk i hop, vil det vere mogleg å reparere den, eller må den uansett rivast?

– Det er for tidelg å seie. Uansett vil det måtte brukast mykje tid på å undersøke brua for å avdekke skadeomfanget, svarer Kirkemo.

Sperrebanda på staden, samt vakthaldet, skal sørge for å halde folk på god avstand

– Vi må passe på at folk respekterer forbodet, seier Kirkemo.

Ordfører i Ringebu kommune, Arne Fossmo, sa til Dølen tidlegare tysdag, at han opplever at det er kritisk at jernbanebrua nå ser ut til å kollapse.

– Det at brua nå beveger seg så kraftig og ser ut til å bryte saman, er tragisk for framtida til togtrafikken gjennom Gudbrandsdalen, uttalte Fossmo.