Litt før klokka 19 måndag kveld meldte politiet på Twitter at ein elg hadde hamna på feil side av viltgjerdet langs ny E6 på Vinstra.

– Elg på feil side av viltgjerdet på Vinstra. Viltnemda meldte at det oppstod nokre ekle situasjonar før elgen kom seg over på rett side, melder operasjonssentralen i Gudbrandsdalen.

Fleire tilfelle

Det er ikkje fyrste gong elg har forvilla seg inn på ny E6 sidan opninga 17. desember.

Også søndag kunne politiet melde om elg på ny E6. Da var to elgar på innsida av viltgjerdet nord for Harpe bru. Bilistane vart oppmoda om å kjøre pent, fram til politiet vel to o ein halv time seinare kunne fortelje at dyra var losa ut på "rett" side av gjerdet.