– Vi startar i dag å reparera skadane. Målet er å vera ferdig i løpet av veke 35, altså neste veke, seier seksjonssjef Asbjørn Stensrud i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Vegen og vegbana måtte og få tid til å tørka opp, utdjupar han som forklaring på kvifor arbeida byrjar no. Det er 600 meter i nordgåande køyreretning som har fått skadar som skal reparerast.

Slik blir trafikkavviklinga

Sørgåande trafikk vil gå på dagens E6 slik den har gjort.

– Nordgåande trafikk vil ta av, slik den har gjort sidan Hans, sør for Fåvang ved kontrollplassen.

Trafikken vil her bli leia over på den kommunale Industrivegen og går ut på E6 via Stasjonsvegen ved Kvitfjelltunet.

– Vi takkar Ringebu kommune for godt samarbeid. Denne løyninga vil gjera det langt betre for lokaltrafikken i Fåvang, og ikkje minst for gåande og syklande, legg Stensrud til.

Omkøyringsvegen er ikkje open for modulvogntog. Desse må framleis køyra om rv. 3 Østerdalen.

– Vi beklagar ulempene dette vil gje for trafikantane, men vi følgjer med trafikken og vil raskt gjera endringar viss dette er naudsynt og mogleg, avsluttar han.

For oppdatert informasjon om trafikkbiletet til ei kvar tid, oppmodar Statens vegvesen som alltid trafikantane om å følgja med på den nye appen Vegvesen Trafikk, eller på 175.no.