I år stiller lillehammerkunstnaren ut oljemåleri og litografi, og da var det naturleg å velja dette rommet. I det sørvendte, kvite hjørnerommet mot kyrkja, er det ljos og luft som dominerer omkring kunstverka.

– Eg har vore her før, for mange år sidan, medan Wiedemann sin kunst framleis hang her. Eg fekk ei stor oppleving av måleria hans i dette rommet, og det gav meg lyst til å stille ut her sjølv, så det er ei slags hylling til han, seier Thorsby.

Fabrikk: Anne Kristine Thorsby har atelier i Fabrikken på Lillehammer, det har også glasskunstnar Kari Mølstad. Dei stiller ut saman under sommarutstillinga på Ringebu prestegard. Foto: Guro Vollen

Med seg som utstillarar til sommartstillinga i Ringebu prestegard har ho fleire kunstnarkolleger, frå heile landet. Litografi og trykking ved same grafiske verkstad, er fellesnemnaren for dei fleste av dei.  Med unntak av atelierkollega frå Fabrikken på Lillehammer, Kari Mølstad, som stiller ut si glaskunst saman med Thorsby.

– Vi har snakka lenge om at vi skulle freiste å få til ei utstilling saman, og nå passa det fint, seier Mølstad.

– Vi fann ut at fargene våre spelar fint i lag, og tykkjer vi har fått til eit godt rom, seier Thorsby.

Thorsby har invitert ni biletkunstnarar, sju i hovudhuset og to i vognskjulet. I tillegg stiller Torbjørn Kvasbø ut ny utstilling i fjoset, barnehagane har utstilling i drengstua og den faste utstillinga om stavkyrkjer er open.

Laurdag er det offisiell opning av årets sommarutstilling.

Stig Andresen stiller ut litografiske trykk og måleri. Her i samtale med Anne Kristine Thorsby om montering av utstillinga. Foto: Guro Vollen