4H-klubbane i Midtdalen, elleve i talet, samarbeider om sitt største prosjekt nokon gong. I fjor g i år har dei samarbeid om prosjektet «Kampen for tradisjonane – mat på naturens premisser», som ein del av 4H nasjonalt si satsing «Frå jord til bord».

– Det er utruleg viktig at ungane og ungdommane får vera med og lære og sjå korleis maten vår blir til, seier Wenche Kvebu i prosjektgruppa, til Dølen.

Har kjøpt seg takke

Ho er saman med tradisjonsbakstgruppa i full sving med å bake stomp på skulekjøkenet på Sør-Fron ungdomsskule.

– Ungane er utruleg flinke og ivrige på å lære, seier Kvebu, og legg til at fleire av dei eldste ungane faktisk har gått til innkjøp av takke og kjevle for verkeleg å få sving på bakinga.

Fleire ulike prosjektgrupper har arbeidd med ulike tema, som hest i arbeid, gris, ku, sau, tradisjonsbakst, tradisjonsmat, ull, jakt, fiske, frukt og bær og grønsaker. Ullgruppa er i gang med strikking og toving litt lenger nede i gangen på ungdomsskulen.

– Det er ikkje så vanskeleg, men ein må ha godt tolmod, seier Endre Mork frå Ringebu over bundingen.

Pølsemakarar

Ungdommar frå alle krokar av Midtdalen er samla.

– Her er det koplingar på tvers av 4H-klubbar, bygder og kommunar, fortel gruppeleiar Marita Aanekre.

Ho fortel også om svært ivrige ungdommar.

– Dei har vore med på å klyppe sau, karda ull, spunne og nå strikking og toving, så dette er verkeleg «frå jord til bord» på alle moglege måtar, seier Aanekre.

Laurdag var «grisegruppa» i prosjektet samla hos Anni Byskov på slakteriet i Vålebrua for å lære seg å lage wienerpølse saman med pølsemakar Egil Jakobsen. Det er morosamt, syns Kari Ulen Aasmundstad frå Kvikne.

– Vi har vore i grishuset og sett på grisungane. Nå skal vi lage pøser, seier ho forventningsfullt.

Lokal storsatsing

«Frå jord til bord» er ei skikkeleg storsatsing. Og midtdølane har tatt tanken lenger enn dei fleste.

– Dette er eit unikt prosjekt i 4H-samanheng, det største vi nokon gong har gjort, og utvilsamt ei styrking av fellesskapstanken i regionen, seier ringbygging Turi Elise Kaus, organisasjonsrådgivar for 4H i Oppland.

«Kampen for tradisjonane» tek utgangspunkt i dei vanlege 4H-prosjekta og har fokus på tradisjon, handverk, dyrehald, jordbruk og foredling av råvarer.

– Så avsluttast prosjektet med ein Farmen-inspirert marknad på Rudi gard 18. oktober, fortel Kvebu og Kaus.

Det er nemleg også eit mål at 4H- oppgåva skal utfordra 4Harane på entrepenørskap og oppmuntra dei til å tene noko på prosjektet sitt.

– Vi skal selje wienerpølser på Rudi gard, under Barnas matfestival, fortel nøgde pølsemakarar.

Ane Bakken Fjellstad frå Brekkom og Magni Hjelstuen frå Sør-Fåvang syner fram kva dei har strikka. Foto: Bjørn Sletten