Det syner tala frå skuleeigar Oppland fylkeskommune, etter at søknadsfristen gjekk ut 1. mars.

Mange til elektro

Størst differanse mellom tilgjengelege skuleplassar og søkjartal, er det på elektrofag. Her har skulen ei tildeling på 32 plassar, som tilsvarer to klasser, medan 57 ungdomsskuleelevar har dette som sitt fyrsteval.

I fjor var det fem færre som søkte til dette tilbodet.

Bygg- og anleggsteknikk hadde 20 søkjarar i fjor, og har den største auka av tilboda på Vinstra, med heile 43 søkjarar i år. Her har skulen også berre plass til 32 elevar/skuleplassar.

- Det kan mange bli skuffa, og ikkje få plass på fyrstevalet sitt, seier rektor Ingvild Rønn Sætre, som likevel er veldig glad for at mange vil til Vinstra.

531 elevar har søkt seg til tilbod på Vinstra på 1. val, medan skulen har 493 plassar på alle tilbod til saman.

Omrokkeringar

Ho legg til at det skal skje mange omrokkeringar ennå, før endeleg opptak er klart.

- Mange kjem til å koma inn på andre eller tredjeval - som ikkje nødvendigvis er på Vinstra, seier ho.

Sætre peikar på at dette berre er starten på opptakskabalen.

- Det einaste eg kan seie sikkert, er at alle ungdomsskuleelevar må henge i nå, for å få best mogleg karakterar. Toget er ikkje gått! Det er viktig at den som har ei spesiell interesse får starte der dei ønskjer, og vi vonar dei får ønskja sine oppfylt, seier ho.

Om skulen kan få tildelt fleire skuleplassar ut i frå så stor søkning, kjem mykje an på korleis fylkeskommunen får fylt opp plassane sine ellers.

- Det må i tilfelle skje i samarbeid og dialog med inntakskontoret på fylket, seier Sætre.

Her kan du sjå resten av søkjartala til Vinstra og alle skulane i fylket.