Synfaringa er ein del av eit EU-finansiert forskings- og innovasjonsprosjekt, Phusicos, med kostnadsramme på omlag 100 millionar kroner. Prosjektet skal jobbe med meir naturbaserte løysingar, for å redusere til dømes flaumskader og andre skader av ekstremvær.

Kva er naturbaserte løysingar

Grønn-blå løysingar, naturbaserte løysingar, naturlege tiltak. Desse omgrepa svirra i lufta under befaringa, men kva betyr det konkret?

Amy Oen frå Norges geotekniske institutt er prosjektleiar, og freistar å forklare kva ein meiner.

– Til dømes kan ein seie at steinsettinga nedover i elva her, der ein dempar energien på vatnet, er ei naturbasert løysing. Ein kunne gjort det ennå betre, ved å ta omsyn til det det opphavelege elveleiet, slik at det er naturen som set premissa, i utgangspunktet. Og så ligg også forvaltning inne i naturbaserte løysingar, seier Oen.

Kvam: Løysingane i Veikledalen i Kvam er meir tradisjonelle ingeniørløysingar enn det Phusicos-prosjektet skal undersøkje moglegheitene for, i nedslagsfeltet til Gudbrandsdalslaugen. EU har løyvd 100 millionar kroner, til tre store og to mindre stader, der Laugen er ein av stadene. Turid Wulff Knutsen frå Oppland fylkeskommune og prosjektleiar Amy Oen ved nedre botnlastsperra i Kvam. Foto: Guro Vollen

Utvald område

Gudbrandsdalen er ein såkalla demonstrasjons-site i prosjektet, saman med elvar i både i Italia og Pyreneene. Desse tre, saman to mindre omfattande demonstrasjonsstader, kjem inn under det same prosjektet. Kvar i Gubrandsdalen ein landar eit konkret prosjekt er ikkje bestemt, men det er sett til den nyleg vedtekne Regional plan for Gudbrandsdalslågen og sidevassdrag.

Nytt: Èin EU-rapport fins, om bruk av naturbaserte løysingar. Den viser ca. 150 eksempel, der berre eitt var frå fjellområde. Det gjer at Gudbrandsdalen er nytt terreng for ei slik tilnærming. Foto: Guro Vollen

Veikledalen

– Tanken er at nye innovative måter å avgrense skadeomfanget ved flaum og ras kan koma til nytte andre stader, dersom ein lykkast med eit prosjekt med utgangspunkt i Gudbrandsdalslågen, seier Oen.

NVE, som står bak botnlastsperrene i Kvam, presenterte løysinga som er vald der. Det er eit eksempel på ei såkalla grå løysing, eller tradisjonell ingeniørløysing, men nokre av deltakarane tykte den var relativt lite inngripande i naturen, samanlikna med løysningar som har vore brukt andre stader.

– Målsettinga med prosjektet er å jobbe på naturlege premissar, og finne løysingar som er effektive og glir inn i landskapet på ein naturleg måte, medan ein tek vare på det biologiske mangefaldet, heiter det hjå Oppland fylkeskommune, om Phusicos.