Heilt på topp finn vi dagens fylkesvaraordførar, Aud Hove frå Skjåk. Ho fekk ståande applaus da ho vart vald på nytt til Senterpartiet sin fylkesordførarkandidat.

– Tusen takk for tilliten. Eg er glad for tilliten eg har i inneværande periode, og det er svært gledeleg at denne blir vidareført inn i neste periode. Innlandet er stort, men har enorme moglegheiter og ressursar som vi jobber kvar dag for å ta i bruk, sa Hove.

Lista til Hedmart og Oppland Senterparti inneheld 63 namn. Nominasjonskomiteen ved leiar Margrethe Haarr la fram forslaget på nominasjonsmøtet.

– Vi har med dette ei sterk liste med motiverte folk som er klare til å stå på for tenester nær folk i heile Innlandet, uttalte ho.

Røssum på femteplass

Vi finn tre midtdølar inne på lista til Sp. Olav Røssum frå Nord-Fron er innstilt på femteplass. Framfor seg har han Ole Mathias Rønaasen frå Grue på andreplass, Mari Gjestvang frå Ringsaker på tredje, og Marit Sletten frå Lom på fjerdeplass.

På 14. plass står Turi Elise Kaus frå Ringebu, medan Borgny Sletten frå Nord-Fron er innstilt på 22. plass.

Senterpartiet er i gong med programarbeidet, og dette er ute på høyring hos lokallaga. Porgrammet skal vedtakast på årsmøtet på Lillehammer i februar.

– Fylkeskommunen har ansvar for viktige tenester for folk og næringsliv. Vi skal jobbe for gode lokalsamfunn, beredskap, infrastruktur og tilgong til utdanning i heile fylket, seier Hove.

Dette er heile nominasjonslista:

Fornavn - Etternavn - Lokallag - Region - Født Årstall
1 Aud Hove, Skjåk, Nord-Gudbrandsdal, 1970
2 Ole Mathias Rønaasen, Grue, Kongsvingerregionen, 1992
3 Mari Gjestvang, Ringsaker, Hedmarken 1961
4 Marit Sletten,, Lom, Nord-Gudbrandsdal, 1992
5 Olav Røssum, ,Nord-Fron, Sør-Gudbrandsdal, 1962
6 Minde Storsnes, Trysil, Sør-Østerdal, 2001
7 Bente Fossum, Folldal, Nord-Østerdal, 1976
8 Bergljot Oldre, Vang, Valdres, 1998
9 Pål Arne Oulie, Gran, Randsfjordregionen, 1978
10 Ole André Storsnes, Trysil, Sør-Østerdal, 1979
11 Bror Helgestad, Østre Toten, Gjøvik/Toten, 1970
12 Gry Bente Eliassen Nyberg, Åmot, Sør-Østerdal, 1970
13 Tommy Smedtorp, Kongsvinger, Kongsvingerregionen, 1975
14 Turi Elise Kaus, Ringebu, Sør-Gudbrandsdal, 1966
15 Ola Tore Dokken, Nordre Land, Randsfjordregionen, 1966
16 Esten Kleven, Tolga, Nord-Østerdal, 1997
17 Anne Marte Skari, Gran, Randsfjordregionen, 1964
18 Jon Vestli, Stange, Hedmarken, 1966
19 Linda Mæhlum Robøle, Etnedal, Valdres, 1980
20 Abdullahi Yusuf Nageye, Gjøvik, Gjøvik/Toten, 1965
21 Mona Murud Alvdal, Nord-Østerdal, 1973
22 Borgny Sletten, Nord-Fron, Sør-Gudbrandsdal 1974
23 Hans Petter Aarstad, Sør-Odal, Kongsvinger,regionen 1967
24 Oda Grøtting, Alvdal, Nord-Østerdal,, 2000
25 Geir Martin Steinsli, Søndre Land, Randsfjordregionen, 1986
26 Elin Østeberg, Våler, Sør-Østerdal, 1970
27 Arnfinn Uthus, Elverum, Sør-Østerdal, 1957
28 Elin Marie Sveen, Vågå, Nord-Gudbrandsdal, 1995
29 Bjarne Eiolf Holø, Lom, Nord-Gudbrandsdal, 1970
30 Olov Grøtting, Alvdal, Nord-Østerdal, 1960
31 Haldor Ødegård, Vestre Slidre, Valdres, 1963
32 Marit Andrisdotter, Kvam, Vang Valdres, 2000
33 Leif Estenson Langodden, Alvdal, Nord-Østerdal, 1969
34 Lise Hammerud, Gjøvik, Gjøvik/Toten, 1957
35 Torleik Svelle, Lillehammer, Sør-Gudbrandsdal, 1996
36 Oddrun Merete Sagevik, Stange, Hedmarken, 1970
37 Knut Arne Fjelltun, Nord-Aurdal, Valdres, 1967
38 Merete Myhre Moen, Tynset, Nord-Østerdal, 1969
39 Magnus Bø, Lom, Nord-Gudbrandsdal, 1996
40 Ragnhild Aashaug, Tolga, Nord-Østerdal, 1970
41 Gaute Lunde Nytrøen, Kongsvinger, Kongsvingerregionen, 2005
42 Magnhild Strand, Øystre Slidre, Valdres, 1964