Arbeidet består av tunnelbygging og utbetring av fylkesveg 255, Skåbuvegen på strekninga mellom Graupe og Massing, gjennom Høgberget.  Og det skal bli byggestart for prosjektet i løpet av eit par månader, heiter det i ei pressemelding frå Statens vegvesen.

Desse sju entreprenørane har levert tilbod:

Veidekke Entreprenør, med ein tilbodspris på kr 68 634 326,50

Stian Brenden Maskinservice og Koren Sprengning, med ein tilbodspris på kr 85 681 083

Ahsco Entreprenør, med ein tilbodspris på kr 81 146 455

Contexo, med ein tilbodspris på kr 76 639 115

Aurstad, med ein tilbodspris på kr 81 172 105

AF Gruppen, med ein tilbodspris på kr 88 239 793

Hæhre, med ein tilbodspris på kr 86 298 466,80

Ferdig i 2016

Tilboda skal gjennom ei intern behandling i Statens vegvesen før kontrakt blir skrive, og byggearbeida kan ta til. Det er venta at anleggsarbeida vil starte i løpet av eit par månader, og det skal vera ferdig i løpet av 2016.

Entreprenøren som får byggeoppdraget skal utbetre fylkesvegen og bygge ein 250 m lang tunnel med portalbygg.

Formålet med utbygginga er rassikring og å bedre trafikktryggleiken og framkomelegheita på fylkesvegen.

– Oppland fylkeskommunen er glad for at utbedringsarbeidet på fylkesvegen snart er i gang, og at det nå blir ein betre og sikrare fylkesveg for trafikantane, seier Anita B. Moshagen i Oppland fylkeskommune.