Odd Nordstoga fylte heile midtalens kultur-storstove, Rudi-låven, med folk og med lyd torsdag kveld.

Med låtar frå alle platene frå og med gjennombrotsplata "Luring" heldt Nordstoga det gåande i ein time og tre kvarter i Rudi-låven - frå opningslåta "Kaldt vatn" til ekstranummer nummer to, Ragnar Hovland-teksten "No er tivoliet over".

Ikkje akkurat sur og tverr

"Kaldt vatn" byrjer med strofen "Hei, eg er mister sur og tverr", men det var langt frå noko sur og tverr Nordstoga publikum fekk servert. Rudi-låven var fylt til siste nest siste sete, og den fullsette salen lokka fram smilet hjå Nordstoga - ein entertainar etter dølanes hjerta.

Musikalsk meisterskap

Det er tolv år sidan gjennombrotsplata "Luring" kom ut. Og sjølv om Nordstoga heile tida har vore Nordstoga, er det ikkje nødvendigvis slik at alle låtane frå dei tolv åra passar like godt saman.

Det seier vel noko om kvaliteten både på låtmaterialet og bandet Nordstoga har med seg når alt likevel let up to date og innafor - heilt ifrå grisen, eller "Kveldssong for deg og meg" (jau da, han spelte den og), til fjorårets "Diesel og bensin".

Les heile konsertmeldinga og sjå fleire bilete i papirutgåva av Dølen torsdag 18. august.