Dei er ute etter innspel frå folk som bur langs nåverande E6, om korleis dei vil ha det langs vegen, når det meste av trafikken blir borte.

Lite å lokke med

Vi tok turen til Svendsen kafe på Hundorp, som var fyrst ut til å huse utekontor for vegvesenet måndag.

- Det er nok den låkaste dagen her for å treffe folk, meinte innehavar Stig Rune Haverstad.

Likevel var nokre faste på plass, med meiningar om både tettstaden og vegen. Gjennomgangstonen var at her er det ikkje så mykje å lokke turistar med, men at det er bra å få oppgradert noko.

- Men vi må ikkje gløyme at det kan bli omkøyringsveg, det må ikkje bli ein flaskehals i så måte, seier John Ståle Kristiansen.

Han meinte også at ein burde sjå til å gjera ein attraksjon ut av brunosten, som vitterleg har sitt opphav i Sør-Fron.

- Ein bør i allefall ikkje gjera som i Danmark, der må ein køyre slalom for å koma inn i tettstader, seier Per Seielstad.

Det vart snakk om fartsgrenser også; 50 kilometer i timen er sakte nok, meiner dei som sit rundt borda.

- Kanskje kan ein få til differensiert fartsgrense, med til dømes høgare fart om natta, meiner Seielstad.

Statens vegvesen samlar innspel i Midtdalen heile veka, og blir å treffe på utekontor på Harpefoss, Vinstra og Kvam. Det blir også folkemøte på desse plassane, tysdag, onsdag og torsdag.