Erik Blakstad Haave frå Sør-Fron er kjent for sitt gode humør.

Og under ski-NM del to på Gålå står han fremst i laget når skiløparane skal heiast fram til gull. For eigentleg var Erik set opp som frivillig løypevakt under NM.

– Det vart skrinlagt, humrar Erik.

For kloke hoder fann ut at det var betre bruk for han andre stader i organisasjonen.

– Derfor har eg ansvaret for å sørge for å skape folkeliv ute langs løypetraseen, fortel Blakstad Haave.

Leir ved tårnet

Nå oppmodar Haave alle som vil til å bli med å lage feststemning ute i løypa.

– Planen er å gjere det så enkelt som mogleg. Sist det var NM var vi samla ein gutegjeng – med lavvoar og telt, vi song og skravla. På dagen hadde vi med flagg, trompetar og trommer, og lagde stemning, rett og slett. Det var ikkje veldig planlagt, men vi vart ganske mange og det vart ganske kult, seier festpådrivaren.

Litt meir organisert blir det i år, men det er framleis den uformelle «Kollen-stemninga» Gålå-gjengen jaktar.

– I år tek vi med oss grillar og bålpanne slik at folk kan grille ved leiren, og til fleire det blir, til artigare blir det. Vi kjem også til å dra i gang leiker, slik at folk blir kjente og at ikkje alle sit rundt kvart sitt bord.

– Barnevenleg?

– Ja, det er det absolutt. Her er det ikkje noko fyll, slik at det absolutt er moglegheit for barnefamiliar til å kome og slå opp teltet au.

Det blir trakka eigen teltplass oppe ved tårnet på Gålå, slik at det skal vera enkelt å slå leir, fortel Haave vidare.

– Tek de opp kampen med Holmenkollen nå?

– Eg vil heller seie at at Holmenkollen er eit større Gålå, humrar sørfrøningen.

Stemning

Men for å få til folkefest er ein sjøvsagt heilt avhengig av folk.

– Her kan alle kome. Ta med deg eit instrument, flagg eller berre godt humør og bli med på å lage god stemning, er oppmodinga frå Erik Blkstad Haave.

Folkeliv: Slik såg det ut da Erik og gjengen lagde liv rundt løypene sist det var NM på Gålå. alle foto: Privat. Foto: Privat